3. jan, 2017

3 januar 2017

Litt er det å gjer i fuglehuset kvar dag. Spesielt på hekkerommet. Skal ein holde på med hekking, må ein i allefall ikkje ha eit dårlig forhold til støvsugar osv. Smiler stort

Dei eldste ungane som er fødd i dei nye hekkebura, har drive å klatra ut av kassene sine i litt over ei veke. Når dei kun er 4 veker gammal, er det litt for tidlig. Kassene er ganske djupe, men likevel kjem dei seg ut. Dei får lov å ver i burbotnen nokre timar før eg har dei i kassa igjen.

No er vel dei to eldste akkurat bikka 5 veker, så no kan dei berre få lov å ver ute. Det er ikkje kaldt på hekkerommet og dei knuppar litt frø osv når dei er ute av kassa. 

Dei har fått inn ei skål med vatn, og dei har vore å teste ut kva det er for noko. Kul

Det blei fødd ein unge i går kveld/natt i ei kasse, der mor er uerfaren. Foreløpig har den ikkje fått mat. Eg kjem ikkje til å drøye det noko særlig lengre før eg legg den over i ei anna kasse der det er ganske små ungar. Om eit par dagar skal egg nr 2 klekke. Om ikkje mor kjem i gong då, får eg bytte om på ungane, slik ho får tilbake den som var klekt i natt. Dette har eg gjort mange gongar og då har matinga kome i gong.

Den 28 desember sette eg Moira ( bilde) i hekkebur i lag med Whisky. Eg må sei eg sperra opp augene i sta og sa berre hæ!! når Whisky faktisk satt å mata Moira og ho tok i mot! Ho som aldri har kasta så mykje som eit blikk på ein hanne sidan ho kom hit. 

Kor mange gongar har eg ikkje prøvd å få  henne i hekk og det har ikkje vore taler om at ho har brydd seg om ein einaste hanne. 

Det var ingen teikn å sjå på henne no heller, anna enn at eg kjende ho var varm i kroppen og lunka på føttene. Dei har ikkje vore i hekkekassa endå, som eg har sett, så eg tør ikkje å juble for høgt endå! Men, kanskje eg kan augne eit bittelite håp? 

Det hadde vore så kjekt! Det er slik ei flott jente og ho er snart for gammal til å gå i hekk, så det er no eller aldri. No kryssar eg fingrar!