31. des, 2016

31 des

Det blei å gjer reint i boligen på formiddagen med vasking av veggar, spyling av diverse inventar dei har i boligen og skifting av golvbelegg og greiner.  Nokre av fuglane viste tydelig at dei ville ut. Det var vel kanskje fordi dei ikkje synes det var noko kjekt at eg var inne å styra hos dei? Ha ha

I periodar var det ganske ok ver og eg fekk knipsa litt utebilder. 

Det er alltid spennande å sjå kor fuglane blir etter den første fellinga. I dag oppdaga eg ei som er nesten ferdig med si felling og eg likte det eg såg. Ho var ei eg la merke til når ho var 4-5 veke og eg noterte i boka mi tankane eg hadde då. Det samstemmer med det eg tenker i dag. Kjekt!

Ho er nok ei av dei eg etterkvart kjem til å trene på å sitte i utstillingskasser og er ho i god kondisjon i juni, då blir ho med på utstilling. Kul

Med dei siste skribleriane for i år, GODT NYTT ÅR.