30. des, 2016

30 des

Nokre få av ungane som har bodd inne, fekk flytte ut i boligen i dag. Det er så surt ver med storm i kasta, så luka har vore stengt i dag. Den skal få ver stengt nokre dagar no, medan dei nye får klimatisert seg litt og eg får følge med dei at dei greier seg ute i lag med dei andre. 

Eit par av dei fann i allefall maten temmelig fort, så eg trur egentlig dei finn seg til rette utan problem. 

I seinettermiddag flytta ein av gutane til ein ny familie i nabolaget. Dei har venta på ein Linus skulle dukke opp. Kjønn eller farge var ikkje viktig, men ein unge med engelsk preg, som kunne virke å trivast i lag med ein familie. 

Det trur eg vil gå veldig bra. Han blei sett i ei transportkasse. Når han fekk ein selleribit å tygge på, så ensa han ikkje så mykje anna men sat lykkelig på pinnen og knaska på sellerien av hjartans lyst Smiler stort

Fuglane her får diverse grønnsaker, urter, eggefor osv osv. Ungane veks opp med det og er van til det. Då er det så mykje lettare å få i dei ein allsidig kost vidare. 

Å få ein fugl til å ete grønnsaker, som aldri har gjort det før, er ikkje alltid like enkelt. 

Når eg kjøpte den første fuglen min i 2009, veit eg ikkje kor mange mnd eg prøvde å få i henne noko grønt, men det var klin umulig. Løysinga blei når eg fekk ei til, som var ei tøff og snill jente, Undi. Ho var ingen pingle, og det tok ikkje lange tida før ho turte å smake på godt fukta fersk persille. Når Undi turte, då turte Tico også. Etter det var det ikkje noko problem meir og dei åt det meste. 

Fleire av dei som har kjøpt fugl herifrå, har vore veldig flinke med å fortsette å gi dei eit allsidig kosthold. Det er så bra!