28. des, 2016

28 des

Det merkast at det er jul og det blir brukt mykje tid ute hos fuglane. Det er ganske kjekt. Nokon av dei første ungane som blei fødd på seinsommaren, er nesten ferdig med si første felling/myting. 

Det er etter den er unnagjort, eg kan sjå om det eg meinar eg såg når dei var 4-5 veker, held seg oppe. 

Eg har ei bok der eg noterar opp foreldre, når ungen er fødd, ringnummer og kva mutasjon den er. 

Men, eg har ei lita kolonne der eg også gjer ein notis om kor lovande eg tenker akkurat den ungen er. Når ungane då har gjort unna ei felling eller to, går eg tilbake i boka og kikkar, korleis synes eg denne ungen låg an då og kva tenker eg no? 

På den eine i dag, han som er nesten ferdig tenkte eg, jøss, dette var jammen ikkje verst.

Eg sjekka ikkje ringnummeret på den. Det er to brødre som er så like. Eg huskar eg noterte den eine virka meir lovande enn den andre. Men, om eg har rett på rett fugl, det får eg berre vente til den andre er ferdig med si felling. Om eg greier å bedømme det då.....Smiler stort

 

I hekkeburet som blei reingjort i går, blei det sett inn eit nytt par. Egentlig har eg ikkje noko særlig tru på dei.

Moira flytta hit for litt over 1,5 år sidan. Det er ei hoe eg likar! Ho var vaksen når ho kom hit og ho blei kjøpt i lag med ein veldig fin hanne, som kunne blitt eit kjempefint par i lag. Eg veit ikkje kor mange gongar eg har prøvd å få henne i hekk, men det har ho slettes ikkje hatt lyst til. Ho har vore varm i kroppen og på føttene, men ikkje har ho brydd seg om nokon hanne og ho er heller ikkje ei av dei som er blitt varta opp av nokon. 

Eg har prøvd fleire hannar i lag med henne i håp om ho skulle like ein av dei, men nope, ingen har felle i nåde hos henne. Dei har sitte på kvar sin pinne, lengst mulig unna kvarandre og ikkje sett på kvarandre ein gong. 

Når dei sitt slik nokre dagar utan å vise eit streif av interesse for kvarandre, då gidda eg ikkje å ha dei i bur lengre og slepp dei heller ut i volieret igjen. 

Jaja, det blir vel slik denne gongen også vil eg tru, men eg kan liksom ikkje la ver å prøve heller, sjølv om kanskje det er å tru på både nissen og andre eventyr. Ha ha