27. des, 2016

27 des

Veret har roa seg og luka mellom boligdel og voliere kunne åpnast i dag. Då får dei som vil, kome seg ut. Stort sett er det dei yngste som vil ut denne tida på året, men nokre få vaksne tek seg også snarturar ut. 

Eit hekkebur og kasse skal vaskast og desinfiserast i dag. Akkurat no er det ikkje nokon som utmerkar seg tydelig i å ver i hekkemodus av dei som ikkje har vore i hekk i haust. Der er nokon eg har venta på ei stund. Det er ikkje alle hoer det er så godt å greie å lese av hekkemoduset på, så eg får hanke dei inn å kjenne på kroppstemperaturen deira og temperatur på føttene. 

 Denne vaske-greia er så kjedelig! Då er det mykje kjekkare å dra fram fotoapparatet, hanke inn nokre ungar og ta bilde av dei. 

Ungane som er ganske så små endå og ikkje har fått særlig med fjør, fekk ikkje bli med på bilda. Kun dei eldste der ein greier å sjå litt av farge og mutasjon. :-)

Bilda er lasta opp på fb sida mi. Kul