25. des, 2016

Første juledag.

I går ettermiddag klekte det siste egget til Silke og Balder så det blei nokre ungar som blei fødd på julaftan. Kjekt!

Mira ( ala Sara på 90 år) og Ask sin unge nr 2, kom ut frå hekkeburet i går og inn på stua. Det ser ut som han finn maten sjølv. 

Han er av utstillingsforeldre. Begge foreldra er gode. Pr i dag er ikkje guten så stor og det er ikkje slik at eg MÅ ha han vidare. Det er ein familie som har venta  ei stund på ein gut og dei har sett ungane eg har. Dei har hatt mest lyst på ein med litt størrelse på og engelsk preg. Etter ein del diskusjon med meg sjølv, kom eg til at denne guten kan passe godt til det dei ønskar. Med forslag om denne guten, blei det ja med ein gong. Kul Han flyttar om ca ei veke når eg er sikker på at han et godt sjølv og alt er ok.

To ungar som flytta til ny heim like før jul, ser ut til å ha fått det veldig bra og det virkar som familiane og fuglane  har "finne" kvarandre. Det gjer meg så glad! 

Dei nye eigarane har forberedt seg godt og er veldig flinke med den nye "babyen" dei har fått i hus. Kanskje har eg greidd å finne ein som har eit fint potensiale til å lett bli tam og som integrerar seg godt i den nye heimen?