24. des, 2016

24 desember, Jul

Det skal ikkje mange dagane til før det ser rimelig ruskete ut både i boligdel og i hekkebur, så eg tok meg tida å få gjort litt reint til jul hos dei. 

Det er litt kjekkare å ver ute hos dei, uten å føle eg "vassar" i frørusk. 

To ungar hadde kome ut av egga sine i dag, men det er ikkje nokon eg må gå å passe på. Den eine er unge nr 4 hos Ali og den andre er den første i runde nr 2 hos Amigo og Mina. 

Eg ventar klekking på det siste egget hos Silke, men kanskje det ikkje klekker? Ho la 5 egg. Eit var det ei sprekke i og eit var tomt. Ali har fortsatt 2 egg igjen, så klekker dei, blir det at Silke kan avlaste Ali med ein unge eller to. 

No er det å håpe det ikkje blir så stygt ver som dei melder. Det er laga til bardunering på boligen deira, men eg er alltid urolig når det er skikkelig ruskever. 

Får håpe det blir ei rolig og fin julefeiring over heile landet. God jul. Hjerte