23. des, 2016

22 des

Det å ta med kaffikoppen og fotoapparatet i volieret og kunne berre få sitte der å betrakte er ikkje det ein gjer mest av denne tida av året, og eg kjenner eg saknar det. 

Fleire ungar som er fødd i haust og vinter er komen til og eg føler at eg ikkje har blitt heilt kjend med dei. Fuglane gir katta i meg og føler nok absolutt ikkje noko sakn. Dei har sin flokk. Eg er berre den som fyller på med mat og drikke og kjem med grønnsaker etc. Eit nødvendig onde altså. Ha ha

Med så pass mange fuglar, så er det ikkje til å unngå at noko skjer. Eg har vore litt i stuss på ei vanlig jente, Lerke. Eg trudde ho hadde skada foten sin, men at det ville gå seg til og ho ville bli bra. Men, det blei berre verre. Under vingen hadde ho ein stor og hard kul, som tydelig prega henne. Kva det var, det veit eg ikkje, men det påverka funksjonsevna henna såpass mykje, og eg gjorde valget med å avlive henne.

Det er ikkje alltid det er så kjekt å føle seg som både dommar og bøddel. Samtidig må ein gjer sitt aller beste å vurdere kor greit har den fuglen det no? Lerke hadde det ikkje greit. Det er mulig eg drøya det litt for lenge og håpte for mykje. Men, så kjem det også ein dag der ein kjenner at eg kan ikkje ver egoistisk. Problemet påverkar fuglen såpass mykje og no må eg tenke objektivt og kutte ut å ta hensyn til meg sjølv, men sjå fuglen sin situasjon, lese den og handle ut frå det. Då er også svaret der.  Samme kor leit det egentlig er.