17. des, 2016

17 desember

I ettermiddag kom Ali og Amadeus sin unge ut av egget. Ein dag på overtid. Det er heilt vanlig, like godt som eit egg kan bli klekt på dag 17.

Silke og Balder sin unge nr 2 var komen i løpet av natta/tidlig morgen, på dag 17. Eg stolar på begge desse para mht mating og då er det heller ingen grunn  til å ta anna ein ein veldig rask kikk i kassa max ein gong for dag. 

Om ein kan sei at det er fred og fordragligheit i dei andre kassene, der ungane masar etter mat, veit eg ikkje, men for min del er det fredelig når ungane blir teken godt vare på. 

Det einaste eg treng å gjer, er å kikke raskt til dei og få på ringen før dei blir for gammal til å greie å tre den på. 

Men, arbeid er det likevel. Vatn skal skiftast kvar dag og vannautomatar skal vaskast. Eg vekslar på å gi dei flytande kalcium i vatnet og Ropa vitamintilskot. 

Dei får også grønnsaker stort sett kvar dag. Nokon dagar blir det kun selleri, men nokre gongar i veka, slik som i dag, laga eg til eggefor tilsett diverse grønnsaker og urter. 

Arbeidsledig blir ein i allefall ikkje under hekkinga. Ha ha