16. des, 2016

Fredag 16 des

Til vanlig har eg ein fugl på stua, Marco. I løpet av få dagar har det auka til seks stykker og det merkast, både med kvitring og frørusk utover! Om få dagar kjem nok dei siste av denne pulja inn også. 

To av dei reiser neste veke, medan dei andre skal få eit par tre veker på seg før dei flyttar ut i volieret. 

Silke og Balder har fått sin første unge og dei forstod oppgåva med å mate ungen ganske så omgåande. 

Det første egget hos Ali og Amadeus ventar eg klekking på i dag, dersom det held skjema med klekking etter 18 dagar. 

I dei andre kassene veks ungane og det er så spennande å sjå kva dei er! Den eldste kan eg sjå fargen på og det er nok ikkje så mange dagane før det er fleire det viser farge på og ikkje berre mutasjonen.