12. des, 2016

12 des

Når ein har ein hobby og også er medlem i klubbar, som også har sosiale treff, blir ein kjend med mange nye folk. Enten vi pratar og er utadvent eller er meir stille og beskjeden, så har ein i allefall noko felles å snakke om. 

Nokon blir ein også betre kjend med og det blir til ein held kontakta ganske ofte. Det er eit stort pluss med hobbyen!

I dag møtte eg ei som eg er så heldig å blitt kjend med via fuglane. Ho har fuglar herifrå frå før av og i dag møttest vi. Med henne blei det med ei lita jente på 7 veker og ei vaksa dame. Dei er no på veg til Bergen til sin nye heim. 

Den vaksne jenta er i hekkemodus men eg har ingen hanne som passar til henne. Eg håpar veldig at ho vil like ein av hannane der og at det kanskje kan bli både egg og ungar om ikkje så alt for lenge. Det hadde vore så kjekt!! No kryssar eg for at reisa går fint + resten. Liker