10. des, 2016

Laurdag 10 des.

I dag blei det sett på varme i vinterhagen, slik eg fekk teke bilder av ungane som no er blitt så store at dei nærmar seg å flytte frå foreldra. 

Når ungar er mellom 4 og 6 veker gammal kan det ver eit mareritt å ta bilder. Å få dei til å sitte stille, kan eg stort sett berre gløyme. Som regel tek dei sats og dæljar seg i vindua og det er eit under at det har gått bra. SjokkertMen i dag var det  ein slik rolig og flott gjeng, så det gjekk veldig fint! Bilda er lagt inn på Facebook-sida mi, annes-undulatoppdrett. 

Det verkar å ha gått seg fint til med dei nye hekkepara som har små ungar. Av dei første ungane som blei klekt, kan eg no sjå kva mutasjon dei er og 3 stykker har fått på seg ring allereie. Fleire kjem etter i dagane framover. 

Om ei veke ventar eg at det skal starte å klekke i kassene til Ali og Amadeus, samt Silke og Balder. Ali har vore i hekk før, men ikkje Silke.