8. des, 2016

8 des

Når Troy døde og Linnea blei igjen med 5 egg aleine, kom eg til at eg vil ikkje at Linnea skal ver aleine med så mange egg og evt ungar, og flytta eggaover i ulike kasser.

Som regel går det bra og fuglane godtek både andre sine egg og ungar. Det eg må ver påpasselig med, er at klekkedatoar på egg samsvarar nokonlunde. Så kan det ikkje bli slik at eit par må passe på 8 egg og eit anna par berre har f.eks 3 stk. Etter litt grubling, fekk eg det til. 

Det som har vore spennande, er at samtlige par som har egg som passa til Linnea sine klekkedatoar, er førstegongsforeldre. Det er ikkje nødvendigvis slik at fuglane forstår omgåande at ungen som er klekt og pip etter mat, faktisk må ha mat. Eg har vore borti nokre gongar at dei passar veldig godt på ungen og det er knappast dei tillet at eg får kikke på den. Men, mate ungane? Nei, det gjer dei ikkje. 

Av og til er det velbegrunna. Det kan ver noko gale med ungen, og dei dermed lar ver å mate den. Det er eit instinkt mange har og det verdsett eg høgt! Samtidig kan eg ikkje vite om det er instinkt eller manglande instinkt mht mating, når dei ikkje har vore i hekk før. 

Derfor har eg vore meir enn spent på kor det ville gå no med uerfarne par. Må bere sei at eg synes eg har nokon virkelig flinke par i hekk no! Dei virkar så rolige og dei har kome så fort i gong med å mate ungane.

I går og tidleg i dag tidleg, såg eg at ein nyklekt unge har fått veldig lite mat hos foreldra sine. I litt usikkerheit, flytta eg den over i ei anna kasse, til der kanskje det aller beste foreldreparet er. ( Bira og Birk). No på seinettermiddagen kikka eg inn til dei igjen og den lille ungen har ikkje fått mat hos Bira heller. Då er eg ganske trygg på at her er det dei rette instinkta som har slått til og det er ikkje meininga at akkurat denne ungen skal vekse opp. Eg går aldri inn å matar ein slik unge i eit forsøk på å holde den i live. I og med eg flytta ungen og sjekka ut, har eg full tillit til at dette er rett og det ikkje er liv laga. 

Eg er så fornøgd med para som er i hekk no og stolt over kor flinke dei er. Kul