7. des, 2016

7 des

I går kom fuglen som har vore til "passing" eit par dagar, heim. Det har gått veldig fint, både med fugl og mulig allergi.

For sikkerheits skuld, kom vi til at den i familien som har allergi for mange andre dyr, skal bli med i fuglehuset like før eg skal gjer reint neste gong. Då er det mykje støv, og skulle det likevel ligge ein allergi å lure, så skal han bli rimelig eksponert for støv. Hvisker

Eine jenta i huset blei med og ho ville på besøk i fuglehuset. Klart ho fekk det! No er der litt ungar, så ho fekk lov å holde litt forskjellige ungar. Jenta er ikkje så gammal, men ho holdt dei så forsiktig og var så påpasselig at dei ikkje skulle ramle ut av hendene henna. 

No er der også nokre nyklekte ungar i ulike kasser som ho fekk sjå, men isj, dei var stygge og ho orka nesten ikkje å sjå på dei!! Smiler stort 

No må eg virkelig i tenkeboksa og gå nokre runder med meg sjølv. Den ungen ho likte aller aller best, er ein unge etter utstillingsfuglane mine. Den guten er ein ganske lovande unge. Samtidig er der fleire ungar som er komen fram i år, som også er lovande, men eg har fått fleire hannar enn hoer og pr i dag er det overskot av hannar. Dette er ikkje lett!!