4. des, 2016

2 søndag i advent

I går var ein veldig kjekk dag. 

Ein familie har tankar om å ha undulat. Dette er nytt for dei, men dei har også ønske om å ver forberedt før dei går til anskaffelse av fugl. 

Slikt synes eg er så flott og det å anskaffe seg fugl, er ikkje berre ei impulshandling. Så eg inviterte dei på besøk i mitt voliere, slik dei skulle få anledning å sjå, få spørre om ting dei lurte på osv. Dette ville dei, og det var rett og slett berre kjekt å ha besøk av dei!

Dei treng slettes ikkje å kjøpe fugl herifrå fordi om dei har lyst å kome i mitt voliere å sjå. Å holde på med fugl er ein hobby som eg synes er kjekk. Då er det veldig kjekt for meg når folk er interessert og vi kan utveksle tankar. Eg blir også minna på korleis det er å lure på det meste. Der har eg vore, men så blir det slik at etter ei stund så blir ting så selvfølgelig at ein gløymer at det slettes ikkje er selvfølgelig likevel. 

Eg skulle ønske at fleire gjorde slik som denne familien, om det er mogeleg å få det til.

Dei fleste som driv med oppdrett vil eg tru sett pris på at folk har lyst å sjå fuglane og korleis dei har det? 

No ligg det an til at denne familien kjøper ein fugl herifrå. No må eg gjer mitt aller aller beste i å prøve å finne nokon som eg trur kan bli ein fin kompis med familien. 

Synes det var så flott eg når guten sa, at min Marco, som er utstillingsfugl og inne i stua til frivillig temming, var litt kjedelig. Han er for rolig.

Det er ei ærlig sak, som gjer det mykje lettare for meg å kunne prøve å finne rett type å velge mellom. Litt prestasjonsangst får eg, men då er nok alt som det skal ver tenker eg. Smiler stort

 

Ein anna familie som bor i nabolaget, har i lang tid hatt lyst å ha eit dyr, men pga sterk allergi på pels hos ein i familien, har det vore vanskelig. Dei har i lang tid tenkt på ein undulat, men vore så usikker. I og med dei bor berre 200-300 meter unna har dei no fått låne ein av mine tamfuglar for å "passe" den nokre dagar for å teste om det blir allergiske reaksjonar. 

Dette gjer eg vanligvis ikkje, men egentlig er det kanskje ikkje så dumt?

Eit besøk i eit fuglehus hadde nok kanskje vore det beste? Der er det i allefall støv! Dei som reagerar allergisk på fugl, reagerar som regel på støvet fuglane avgir. 

Får håpe det går fint, uten hovne, raude kløande auger, nysing og mulig tungpust, slik dei etterkvart kan få eit nytt familiemedlem.