2. des, 2016

Fredag, igjen. :-)

Det har vore så kjekt i dag når eg har hatt tid å tusla ute hos fuglane og kikka ekstra til dei. Nokon av ungane fekk bli med inn på kjøkkenet til fotografering. Dei bilda får eg legge inn på FB-sida mi i løpet av kvelden. Lyset er ikkje det lettaste denne tida av året, men slik er det berre.

I dag fekk dei grønnsaker, urter og hardkokt egg, som er blanda godt saman. Det har dei ikkje fått sidan starten av denne veka, så det var mange som blei ivrige og stod å venta på blandinga, når dei kjende lukta av den. Dei ivrigaste har ikkje tid å vente til eg har fått hengt opp matkoppen. 

Den lille jenta på bildet er den eldste til gamlemor-Mira og Ask. Begge ungane deira er broka og dei er små! synes eg ( utstillingsfuglar), men du verden for ei fart det er i det lille nusket her og det ser ikkje ut som det feilar henne noko.  Smiler stort

Eg har sett det har vore ein "bulk" i eine egget til Silke og Balder. I dag hadde ho kasta ut egget og det låg i burbotnen. Eg lar meg stadig fasinere over kor i all verden dei kan greie å løfte opp egget og få ut av kasseåpninga, uten å knuse det!

Det låg uknust i botnen, med den lille bulken i. Når eg lyste det, såg eg det var bittemå luftbobler i egget. 

Eg har slik sansen for dei fuglane som har instinkta sine i orden! Det er dei fuglane som ligg og ligg på egg som er tomme, skada eller har stoppa opp. Så finnes der nokre få hoer, som forstår fort når det er noko som ikkje er som det skal med egget, og dei ryddar dei ut. Heilt fantastisk!