1. des, 2016

1 desember

Troy døde seint i går kveld. Eg såg at det var den vegen det kunne kome til å gå. Dei rare rykningane han hadde i kroppen har eg ikkje sett før hos nokon, så kva han døde av, veit eg ikkje. Det gjekk ganske fort frå eg oppdaga det og til han døde i handa mi. 

Eg har ikkje løyst alt med tanka på Linnea som no er aleine. 3 av egga har eg fått flytta over i andre kasser, der det samstemmer med datoar. Heldigvis, for å sei det slik, så er i allefall egg nr og og truleg egg nr 2 tomme hos Ali og Amadeus. Dei har fått det eine egget. Bira og Birk har fått to av egga. 

Linnea har no 2 egg igjen i kassa. Dette greier ho nok aleine, men eg får sjå litt om eg kingsar om litt i andre kasser og tek Linnea ut av hekk. Om egga vidare hos Ali og Amadeus også blir tomme, blir det nok sannsynleg at dei får dei 2 egga.