29. nov, 2016

29 nov.

I går blei det klekt to ungar i to ulike kasser. Dette er to par som aldri har vore i hekk før og som er i dei nye hekkebura.

Det er ikkje gitt at ungane får mat, men med ein forsiktig kikk i kassene, var begge ungane rimelig fullstappa. 

Det eine paret er eit utstillingspar, ( Astori og Embla) som kan ver ein slags "joker", dersom dei recessive genene på kvalitet klaffar. Det andre paret er "engelske", ( Bira og Birk) men ikkje av ein kvalitet der eg har tankar om utstilling av ungane. 

I kasse nr tre (Leif og Petit), ser eg at det er eit egg som er i ferd med å hakke seg ut. Dette er eit par som også "kikka" på kvarandre og "småflørta". Desse to blei med meg heim frå Haugesund i juni frå Leif O, i håp om dei skulle kunne like kvarandre etterkvart. Og det gjorde dei. Kul

Eg er litt bekymra for hannen i eit anna bur, Linnea og Troy. Eg synes Troy var så rar i dag og det er noko som ikkje stemmer i det heile. Eg aner ikkje kva som er gale og her må eg berre følge opp fleire gongar for dag. Han og Linnea har 5 egg. Skulle det skje noko med Troy, må eg tenke løysingar. Linnea kan ikkje ver aleine med 5 egg/evt ungar. Dette må eg berre ta dag for dag, og ha ein plan B i bakhovudet. Pr i dag anar eg ikkje kva den er.

Troy er "selleri-guten" mi, som kjem flygande og sett seg på handa mi, med ein gong eg kjem med selleri til dei. Usj, dette likar eg ikkje! 

Eg har vore så spent på Silke, som etter langt om lenge og lengre enn langt, fekk eit godt auge til Balder, og han til henne. Hittil har dei 3 egg, og eg meinar eg ser teikn til liv i egg nr 1.

Ali og Amadeus har lagt 2 egg til no. Hmmm. Kva skal eg sei? Ja, dei er gode venner. Ikkje tvil om det. Men, blir det med det?? Eller kan dei ombestemme seg og det kan bli noko i egg dei evt vil legge framover?