28. nov, 2016

Snart desember

For 1 år sidan, dvs den 1 desember, kom tanken på å lage meg ei heimeside. Mest fordi innlegg på facebook "forsvinn" så fort, og når eg skulle finne eit eller anna, måtte eg på leit. 

Samtidig når eg lærer nye ting, enten det blir fortalt meg eller eg har søkt på nettet, så har eg lagt inn notatar på pc`n, men det har blitt litt her og litt der, utan noko særlig system. Og då har eg måtta leita der også. Ha ha

Utover det, hadde eg ingen klar tanke om kva eg skulle med ei heimeside og korleis eg skulle gjer bruk av den. Små forandringar gjer eg stadig vekk, og det kjem eg nok til å fortsette med. 

I går passerte det 20 000 visningar på sider, på så kort tid. Då blir eg litt satt ut! 

Det blir også litt "skummelt" å skrive mine betraktningar og tankar, om medgang og motgang i fuglehaldet. Eg kan kanskje og har erfart ein del, men eg har også mykje å lære. Og, eg trur ikkje at ein nokon gong kan bli fullt utlært. 

Det er levande vesen vi har som hobby, og dei er like, ulike og unike og det er ikkje alltid det finnes eit fasitsvar. Vi kan berre gjer så godt vi kan og det vi trur er rett. 

Det dukkar opp ein god del meldingar, både her og på facebook-sida mi. Det sett eg stor pris på!!

Tusen takk til alle som er innom!

Eg håpar at kanskje du kan finne litt her som kan inspirere, kanskje gi litt svar, informere, eller berre noko å fordrive tida litt med?