25. nov, 2016

Fredag 25 nov.

Det er skikkelig møkkaver ute! Luka er åpen om dagen, men det er ikkje så mange fuglar som har lyst ut når regnet høljar ned og det bles rimelig bra. 

Inne på hekkerommet er det lunt og varmt. No prøvar eg kor det vil fungere med 20 grader der inne. Fuglane har det veldig ok dei med 12-15 grader, men det er kjekkare å ver der inne når det er ein fin temperatur og så brukar eg som unnskyldning, " jamen, no er ungane til RE og Ronja turar ute av kassa, dei må ikkje fryse". Smiler stort

Den jenta i kullet til Rocky E og Ronja, som eg trur er HB, reiser nok til Bergen om ikkje lenge. Er så glad for at ho skal dit! Der er det to fuglar frå før, som kjem herifrå, og eg veit at då får ho det så bra!