21. nov, 2016

21 november

Det er så koselig å kunne ver litt på hekkerommet og nuske litt med ungane som er i kassene. Ungane til Rocky Evert og Ronja, har hatt små turar ut av kassa, så det er nok ikkje så lenge før dei er komen ut for overflytting til stua. 

Det er ikkje så mange ungar i kassene no, pga omlegginga eg hadde til hekkereol for litt sidan. Men, nokre få er der. Det er mest ungar etter utstillingsundulatane og så er der 3 vanlige ungar. 

Dei eldste av dei, kan eg sjå litt fargar på no. Hos dei yngste, ser eg i allefall mutasjonen. Eg har ikkje hatt så veldig mange broka fuglar, men i år ser det ut til å bli eit broka år. Smiler stort

Spennande er det også at der er komen egg hos nokre nye par. Då er det å håpe at det etterkvart blir både klekking og ungar som veks opp.