18. nov, 2016

Fridag og fredag

Å ha heile dagen disponibel til å gjer akkurat kva ein vil, er jammen kjekt!

Då blir det gjerne til eg tuslar hos fuglane og får gjort "forefallande" arbeid. Eit par bur har blitt vaska, desinfisert og skylla og like eins eit par hekkekasser. Hekkekassene får seg ein tur i steikeovnen også. 

Eg har ledig eit par bur for hekking, og har grubla ei stund over kven som skal få dei. Silke blei fødd her for eit par år tilbake. Ho er så fin! Av mutasjon er ho ef gulmaske 2, svartaugd (DEC). Om ho kan ver spangle "under" aner eg ikkje, då mor Jubel var ino spangle. Silke er stor. Opp mot ein liten engelsk, men ho har ikkje det utprega engelske uttrykket. 

Ho har ikkje vore i hekk før, då eg ikkje har hatt nokon passande make for henne. På forsommaren kom det eit par hannar som er splitt danskbroka. Birk og Balder, begge utstillingsfuglar. Den eine, Birk, er i hekk med Bira, som er HB/DB. Dei har fått 3 egg hittil og det har i allefall vore klaff der. Kul

I dag såg eg at Silke og Balder, den andre splitt danskbroka hannen, var veldig oppteken av kvarandre. Då sa eg jippi! Endelig er det ein Silke ser ut til å like, som har den mutasjonen recessivt som eg så gjerne skule ha henne i lag med. Då var det berre svosj inn i hekkebur med dei, i håp om at ikkje Silke ombestemmer seg. Smiler stort

 

Linnea, som la dei to første egga sine i burbotnen, hadde jammen lagt egg nr 3 i kassa, enten i går eller i dag. Då slepp eg i allefall å passe på noko meir der. No får eg berre håpe at det kan bli noko i egga. 

På kveldsrunda hos fuglane satt Silke og Balder og nuska kvarandre rundt halsen og det såg ut som dei var like fornøgd begge to. Dette betyr ikkje at det kjem egg, men eg kan håpe. 

Det siste buret eg har ledig fekk også beboarar no i kveld. 

Ali er ei nydelig jente og slik eg ser henne, Ab violkobolt lysvinge. Ho har prøvd lenge å grave seg hole i slusa. Ho er også skikkelig varm i kroppen. Eg har vore manko på hannar, men etter eg fekk henta med tre flotte hannar hos venninna mi, så har problemet kanskje løyst seg?

Amadeus, som eg meinar er opalin FBC violhimmelblå? kobolt? hamna i allefall i bur i lag med henne. Så får eg berre sjå om det blir klaff der. Han var ikkje varm i kroppen, så det spørs om han er klar for noko hekk no. 

Skulle dette bli klaff, skal ungane i teorien bli 50% lysvingar og 50%FBC. Nokon ab, jentene opaline, og så får eg sjå på ungane om Amadeus er kobolt eller himmelblå.