15. nov, 2016

15 nov

Å vaske fuglebolig og hekkerom med opp mot liten storm i kasta, er ikkje akkurat den største fornøyelsen ein har. Men, det var ei dyd av nødvendigheit. 

Det å kunne få "kaste" ut fuglane til volieret når ein vaskar er veldig greit. Dei "gamle" fuglane veit så vel kva dei skal gjer når det kjem ei regn/haglebyge. Då flyg dei å sett seg under tak, men ungane som har kome ut for berre kort tid sidan, har ikkje heilt forstått at det går an endå.

Med såpass mykje vind som det har vore i dag, så blir dei fort gjennomvåte og kalde, så litt trimming blei det også, for å få jaga dei slik dei satt meir i ly.

Det er slike dagar ein så gjerne skulle hatt ein stor bolig avdelt i fleire rom og i tilknytning til huset, så ein slapp å ver ute å bli kliss våt og kald.

I sommar kjøpte eg eit golvbelegg til for boligdelen til fuglane, med tanke på vasking haust/vinter/vår. Det er så vanskelig å få det skikkelig tørt samme dag, så det er veldig greit å berre kunne bytte på.

Eg fekk i allefall inn alle saman etter vaskinga, og dei virka godt fornøgd med å få ei stor skål med selleribitar og gulrøtter. 

Ungane til gamle-Mira veks, og den eldste er no i ferd med å ta igjen størrelsen til den vanlige ungen som blei fødd samtidig. Eg er stadig like forundra over Mira og at ho fekk to ungar!

Det blir lagt egg hos dei nye para som er komen i hekk. Men, noko er det heile tida som skjer. Ei hoe som ikkje har vore i hekk før, men er i kassa stort sett heile tida, går ut av kassa og legg egga sine i buret. I dag la eg spon under der ho sit å legg egga sine, så får eg sjå om det går an å berge dei. Eg får prøve å legge dei inn i kassa og sjå kor det går. Om ikkje det blir vellykka, får eg legge egg som evt kjem, til andre kasser.