12. nov, 2016

11 nov

Det andre egget til gamlemor-Mira klekte i dag og ho passar godt på sine to små og gir høglydt beskjed om eg skal holde meg unna, når eg kikkar i kassa. Eg har alltid likt Mira veldig godt og eg er så trygg på henne i korleis ho passar på ungane sine. Det at dei gir beskjed, synes eg er positivt.

Ungen som blei fødd i dag er også ein veldig mini-unge. Den første har ikkje nådd størrelsen endå til ein anna vanlig unge som blei fødd samme dag som den. Eg veit liksom ikkje heilt kva eg skal tru å tenke. Vil dei vekse opp? Er alt ok med dei?

Ikkje trudde eg ho kom til å legge egg. Og eg trudde heller ikkje egga skulle ver befrukta, og i allefall ikkje at dei klekte! 

Det er så vidt begynt å kome egg hos nokre par no som er i dei nye hekkebura. Det er alltid spennande når det kjem egg og om det er noko i dei. 

Det har vore mykje tomme egg i år, så eg er så glad kvar gong der er noko i egga og dei klekker. Og det er litt kjedelig med mange tomme egg. Menmen, slik er det og ikkje så mykje ein kan gjer med det.