8. nov, 2016

8 november

Mange plassar i landet er minus 4-5 grader ikkje noko kulde i det heile. Heilt ute i havgapet, med høg luftfuktigheit, er det litt kaldt. 

Eg har berre ein liten ovn på hekkerommet og det er skjeldan den ikkje greier å holde temperaturen på ca 15 grader. I går kveld kraup det nedover mot 10 grader og eg turte ikkje anna enn å skifte til ein større ovn.

10 grader er ikkje for kaldt, men det er ustabil temperatur som ikkje er bra i eit hekkrom. 

Mor rugar på egga og mange hoer slepp ein del småfjører, for å få "nærkontakt" egga. Slik regulerar dei varmen som deira egg treng. Blir det då veldig store variasjonar på varmen i rommet, er det vanskelig for mor å "følge" etter den, og det går utover klekkinga. Altså at ungane kan dø i egget. Dette var eg ute for i fjor, men då var eg ikkje klar over at det kunne ha desse konsekvensane. 

I løpet av natta blei det klekt ein unge. Liker

Eg har ei veldig flott hoe, Mira. Ho kom hit i 2012 og var fødd i mars 2011. Ho har i desse åra vore heilt fantastisk i hekk! I fjor haust vurderte eg på om ho skulle få hekke, i og med ho er meir enn ei godt voksen hoe. Men, ho fekk eit kull i fjor haust. 

På forsommaren i år, kom det ein ny gjeng frå Autfold. Der var det også med ein ung "spirrrevipp" i alder, Ask. Han la omgåande sin elsk på "gamlemor" Mira. Han har ikkje vike frå sida henna sidan han kom. Unge hannar er ofte veldig hormonell, og det har i allefall Ask vore. 

I litt oppgittheit over at Mira ikkje har fått fred i det heile sette eg dei i hekkebur for nokre veker sidan. Eg tenkte, jaja, han får no berre tørrtrene litt, så kanskje han roar seg litt? 

Mira gjekk i kassa ed ein gong, slik ho brukar. Fordi h er så gammal, trudde eg ikkje ho ville kome til å legge egg. Men, det gjorde ho ja. Når eg lyste dei etter ei stund, fekk eg nesten hakeslepp når eg såg dei var befrukta. I natt klekte den første ungen. Egget som skulle klekke om to dagar, stoppa tidlig opp, men det er liv i nr 3.  Eg synes ungen var litt liten, men ho legg ganske små egg. O egg nr 3 klekker og begge veks opp, er det berre heilt fantastisk! Men, DÅ skal Mira ikkje i hekk fleire gongar. Sånn ala Sara som var 90 år dette. Whow