31. okt, 2016

Nye par i hekk.

Endelig kom dei nye hekkebura på plass. 

Heldigvis var det mindre arbeid enn forventa med å rive ut nokon hyller o.l, flytte om på dei få hekkebura som var der og få inn dei nye. 

Det var litt kjekt å kunne innrede dei nye bura, noko eg ellers synes er ganske kjedelig. Kul

4 av para var greie å plukke ut. Eg har følgt med dei ei stund for å sjå kven er det som viser interesse for kvarandre? Og virkar det til å ver ok samansettingar? Av og til er det det og andre gongar er det det ikkje. 

Eit par har holde saman sidan i fjor, og det å skille etablerte par, er eg ikkje så veldig glad i. 

Så får eg berre sjå om det er sympati mellom dei to siste para. Om eg ser etter ei veke eller to at det ikkje virkar som dei er i harmoni med kvarandre, gjer eg heller eit bytte. Verre er det ikkje. Kul