28. okt, 2016

Hekkebur, nesten i mål

Slik det ligg an no, så kan eg ta i bruk dei nye hekkebura på søndag eller måndag. Jippi!!

Må sei eg er meir enn spent på korleis dei vil fungere. Det som eg ser på som viktig, er at dei skal ver lette å handtere. Dei må ver lett å gjer rein og desinfisere. Dei skal ver praktisk å kome til med mat og drikke, dei må ver romslig og det må kome inn nok lys og fuglane skal også sjå ut til å trivast i dei. 

I første omgong blir det 6 bur. Eg vil prøve dei ei stund, slik eg får gjer meg opp ei meining kor eg synes dei fungerar, før eg evt. bestiller fleire frontar.

Det må gjerast om litt i hekkerommet, men det er ikkje noko storarbeid som skal til. Ei hylle skal fjernast, ei må forlengast og eg kan ta vekk ein liten delingsvegg + 2 korte hyller. 

Sjølv om det vil bli plass til fleire bur no, så vil plassen likevel bli betre.