26. okt, 2016

26 oktober.

Eg har ikkje fått anledning til å oppdatere tråden til Paco og Debbie + Tico og Storesøster med bilder, under "hekking."

Dei siste ungane kom inn no i kveld, så no står dei på kjøkkenet i lag med nokon av dei andre ungane som kom inn i forrige veke. 

Eg får ta eit fotoraid i morgo. Kul Tre av ungane reiste i dag. 

Her ein dag oppdaga eg at kjære vene, eg har nesten ingen hannar av den meir vanlige typen og eg har mange gongar fleire hoer enn hannar. Då var det å sende ei melding til venninna mi, Bente, som også driv med oppdrett av undulatar for å spør om ho hadde hannar til overs. 

"Kom å plukk" var beskjeden. Smiler stort Det passa utrulig bra at hos henne er det motsett av det det er her. Ho har alt for lite hoer i forhold til hannar, så i dag blei det byttedag. 

Det blei med meg tre flotte hannar heim! Wolfgang, Amadeus og Mozart. 

Det er alltid så kjekt å reise på besøk til henne! Det blei så klart kikking i hekkekassene henna også, og ho har mykje spennande på gong! 

Så blir det ein del fugleprat også. det er så godt å kunne hjelpast åt. Det er ikkje alltid det går knirkefritt når ein har fuglar og då er det så kjekt å kunne samsnakkast å prøve å finne løysingar ut frå erfarngar vi har gjort oss, eller har lært av andre. 

Eg hadde håpt dei nye hekkebura skulle ver ferdig no, men heldigvis er det ikkje mange dagane før dei første kan takast i bruk.