19. okt, 2016

19 oktober

6 ungar har kome over i eit stort GD-bur, som eg har teke inn. Det er alltid litt spennande den første dagen når dei skal greie seg sjølv, sjølv om eg har sett at dei har vore ute av hekkekassa ein del dagar, -og dei har ete sjølv. Det er vel berre slik når ein er litt "hønemor" Kul

 

Sjølv kor fine dei vanlige ungane er og eg kosar meg med dei,  så kan eg ikkje hjelpe for at ungane etter utstillingsfuglane gir meg noko ekstra.

Den store lille tøtta på bildet er 3,5 veker i dag og eg har smelta heilt! Ho er noko av det finaste eg har hatt i nokon kasse. Ho er AB og det er feil farge på halefjørene. Synd på eit slags vis, fordi det gir trekk på utstilling.

Eg veit ikkje kor eg skal forklare det, men dei ulike linjene/stammane til fuglar, har sine preg. Og, dei kan faktisk ver ganske ulik.

I fjor når eg var på LU i Drammen, sa den eine mentoren min, Anne, no må du kjenne godt på deg sjølv, kva type fugl er det du kjenner at du virkelig virkelig likar? 

Eg forstod på eit slags vis kva han meinte med det, og samtidig skjønte eg ikkje heilt kva han sa, -oversett i praksis. 

På utstillinga i Haugesund no i juni, gjekk det klarare opp for meg kva som låg i det han sa. Då la eg endå meir merke til kor ulike fuglane egentlig er.

Nokon av dei greidde eg å plukke ut frå kva oppdrett dei kom frå. Pga type. 

I vår/sommar kom det også inn fuglar frå 3 ulike oppdrett. Det var nesten litt rart. Frå det eine oppdrettet, så var det som å få gamle kjende hit. Frå oppdrett nr 2, så kjende eg også litt til dei frå før, så dei var ikkje heilt ukjende, men der var forskjellar frå desse og til dei frå oppdrettar nr 1.  

Så kom det nokon fuglar frå oppdrett nr 3. På eit slags vis kjend, men likevel veldig ukjend. Litt løye å sjå/oppleve.

Eg kan ikkje sei eg har samla trådane heilt endå. Det er som han sa, så mykje flott! Og jatakk, eg skulle så gjerne hatt.....

Eg kjenner i allefall at denne Tøtta tiltalar meg veldig, der eg er i dag. Kul