18. okt, 2016

Ungar flyttar inn.

I går kom ein unge inn på stua og i dag, kom det ein til. Den eldste i Tico-kassa og nr 2 i Paco-kassa. 

I morgo kjem det inn to eller tre ungar til. Med oppussing av stue og kjøkken, så er det litt hovudbry å vite kor eg skal sette dei. Ikkje kjekt å få frø og rusk på nymala vindu osv, så det spørs om eg ikkje må ta gangen til hjelp. Kul

Om ca 1 veke reiser dei første til nye heimar. Det er alltid spennande!

Det går framover med dei nye bura og eg håpar å få teke i bruk dei første i løpet av neste veke. Då er det igjen å vente å håpe på at det er vellykka samensettingar og at alt går bra.