16. okt, 2016

16 oktober.

Det å kunne ver ute hos fuglne å tusle litt rundt dei, er veldig koselig. 

Dei første ungane frå i seinsommar, har vore ute i boligen i ca 1 veke. Det går så fint med alle 7.

Det har vore ein mild dag i dag, så i dag måtte alle ut i fineveret. Då passa det egentlig veldig godt å gjer reint. Når eg likevel holdt på, var det like greit å hente nye greiner i skogen, slik eg fekk skifta alle saman inne i boligen. 

Med vaskebøtta framme osv og eg sjølv full i støv frå fuglane, var det ingen grunn til å ikkje gjer rein dei få hekkebura eg også har, -og hekkerommet. Smiler stort

Debbie som blei enke for eit par dagar sidan, hadde lagt eit nytt egg i dag. Dei tre ungane ho har hos seg, er turar ute av kassa, men eg har ikkje sett at dei har prøvd å ete noko sjølv. Eg legg ny hirsekolbe inn i kassa kvar dag. Om det er kun Debbie som et den, eller ungane også smået på den, veit eg ikkje. Ekstra vannkoppr er hengt inn i buret g dei får også hardkokt egg blanda med diverse grønnsaker kvar dag. 

Kva eg skal gjer med dei egga som Debbie legg, veit eg ikkje heilt endå. Eg har ei kasse der det ser ut som det berre blir tomme egg, så det blir vel til at eg legg over nokre av egga til Debbie i den kassa, slik ho får kome ut i boligdelen når ho er ferdig å legge egga.