14. okt, 2016

14 oktober

I dag blei det ein veldig trist dag. Har sett så mange plassar der folk trur at vi som har fuglar ikkje har særlig reaksjon når vi mistar fugl, for vi har så mange....

Det er nok ikkje alle fuglane ein legg like godt merke til i eit voliere og får like god kontakt med. I allefall ikkje eg. Så har eg dei som eg kjenner på eit underlig vis at vi har veldig god forbindelse. 

Paco har vore gull-guten min. Ingen ungdom lengre, men heller ikkje veldig gammal. 

Han var i hekkebur i lag med Debbie. I dag tidlig var han heilt fin og kom hoppande opp på handa mi som vanlig, når eg fylte på mat. 

I lunsjen når eg kikka til dei og ungane, var alt såre vel. Han viste då unge nr 2 kor den skulle finne maten i frøkoppen. 

Når eg kikka til dei i ettermiddag, fann eg Paco død i burbotnen. Det er tydelig det har skjedd fort.

Ingenting viste på han og han var ikkje tynn. Eg kjem til å sakne han veldig mykje. 

Han er den einaste som har fått sleppe ut av hekkeburet når eg har vore ute hos fuglane, for å ta seg ei lita lufterunde. Hadde eg med meg selleri, så satt han på handa og åt når han var ute av buret, og han forstod når han måtte inn i igjen. 

Debbie greier nok fint dei ungane ho har i kassa, men for å avlaste henne litt, sette eg to av ungane over i andre kasser. 

No må eg i tenkeboksa litt. Eg har ingen ungar etter Paco og eg har likt så godt lynnet til ungane som han og Debbie har hatt i lag. Det spørs om eg ikkje skal holde igjen ein av ungane deira.