13. okt, 2016

13 oktober

Endelig er det blitt litt roligare dagar! Det er ikkje så mange ungar i kassene no. Frontane eg har venta på kom i dag! No er det å få til bura, slik dei nye blir klar for bruk. 

Nokon par er komen ut av hekkebura og det er ikkje så lenge til før eg kan ha ut fleire. 

Eg gler meg til å kunne få inn dei nye hekkebura/reol! Då blir det å sette inn nye par.

Dei aller fleste ungane eg har no er reservert og eg har liste på folk som ventar på engelske. 

Det er ikkje dei store utstillingsfuglane mine folk ventar på, men dei som er lettare. 

Det blir i allefall 2-3 par der vil eg tru. Så får eg håpe at dei vil gå fint saman og at der kan bli ungar. 

Eg har også tenkt litt på kven eg skal sette i saman av utstillingsfuglane mine. Eg har ei lita formeining og så får eg sjå om fuglane er enig med meg eller ikkje. Kul

 

Ungen på bildet er ein lacewing. Han? er 1 mnd i dag. Foreldra til den er eit som skal ut av hekk no og ha pause til neste haust, etter å ha gitt flotte ungar og vore flinke foreldre.