2. okt, 2016

Ein nydelig oktberdag

Med knallblå himmel og strålandes sol, så kom fotoapparatet fram igjen. Kul

Dei eldste ungane til Paco og Tico er begynt å bli så fine! Det å ta bilder er også med på å handtere dei, slik dei blir godt kjend med hender.

Paco og Debbie er så rolige når eg hentar ut ungane. Aldri noko styr der. 

Tico og Storesøster er ikkje like trygge ser eg. 

Eg har også gått å kikka litt på fuglane i volieret. Nokon skal snart ut av hekk no, men eg vil ikkje sette inn nokon fleire par før eg har fått dei nye hekkebura. Får berre håpe at frontane kjem denne veka, slik dei nye bura kan kome på plass.