29. sep, 2016

Ungane veks.

Det er så artig no når dei eldste ungane til Paco og Debbie + Tico og Storesøster, er blitt så store som dei er no.

Sjølv om eg veit kva fargar dei kan få, så er det likevel spennande å sjå kva kombinasjon kjem i akkurat den ungen. 

Eg ser ikkje hverken farge på vingar eller kropp til dei yngste til Paco og Debbie. Det er dei litt for små til. Hittil ser det ut som dei eldste får svarte bølgeteikningar som far. I fjor kom det få ungar med dei svarte teikningane på dei to kulla dei hadde i lag. 

Det er meldt sol til søndag. I og med eg likar best å ta bilder ute eller i vinterhagen, er eg avhengig av godt lys for å kunne få fram fargane så godt som råd er. Direkte sollys er noko ein også bør unngå . Blitz-lys er heller ikkje noko greit å bruke synes eg. Det blir så rare/blasse fargar.  

Då er det også gått nokre dagar sidan sist eg tok bilder av dei, og det har skjedd ein del forandringar i løpet av nokre dagar. Kul