28. sep, 2016

Nytt undulatår.

I dag kom dei nye ringane for 2017 frå NUK. Det blei eg glad for. Det første eg gjorde, var å gå ut i hekkerommet å ta ut ein unge av utstillingsfuglar som eg ringmerka i går med 2016 ring, og med litt lirking, greidde eg å skifte om til 2017 ring.

Undulatåret startar ca 1 oktober og varar til ca 1 oktober neste år. Så det ligg litt framom vårt nyttår.

Er det så viktig? På ei side nei, på ei anna side ja.

Mht ungane etter utstillingsfuglane, så bestemmer fargen på ringen kva klasse dei stiller i. Det er ikkje uvanlig at desse ungane ikkje er fullt utveksen før dei er 1-1,5 år.

Hos fuglar eg veit med sikkerheit at eg ikkje skal stille, bryr eg meg veldig lite at eg merkar dei med 2016 ringar. Har eg ringar til overs, brukar eg dei. I allefall ut året. 

Eg skriv uansett stamkort på ungane som flyttar herifrå, der bl.a fødselsdatoen deira står på. 

 

 

Ungfuglskue brukar å ver i mai/juni. Ungar eg merka for ei veke sidan med 16 ring, vil måtte stille i derbyklassa, ala voksenklassa.  Medan den eg etter ein del lirking greidde å skifte ring på i dag til 2017 ring, får stille i ungfuglklassa.  Eller "barneklassa". Enkelt sagt og med mine ord for å illustrere mht krav.Kul