26. sep, 2016

26 september.

Det er litt skifte av par på gong i hekkerommet. Eg har eit så fint eit par som er så flinke i hekk, men det blir kun tomme egg. Dei har vore adoptivforeldre før, og det har dei vore no også. 

No prøvar eg ikkje desse meir. Paret har holde i lag lenge og hannen er ingen ungdom. Kanskje han ikkje verkar lengre?? Eg har ikkje peiling. No skal dei i allefall berre få sleppe ut i volieret igjen. 

Eit anna par får også sleppe ut. Hoa er ikkje så flink i hekk og der var det kun eit egg det var noko i. Ungen klekte men fekk ikkje mat. Den er lagt i ei anna kasse der det også berre er ein unge og der hoa er veldig flink.

Då er det på og til igjen å vaske og desinfisere bur og kasser. Det er så kjedelig! 

Kven eg skal sette inn i dei to bura som no er ledig, veit eg ikkje heilt endå. Der er fleire som kunne tenkt seg kasse, så eg får studere dei godt og hanke inn dei det ser ut til å "haste" mest med.