21. sep, 2016

21 september, hekkereol

Dagane er hektisk og ein rekk ikkje alltid det ein bør, skulle, må osv. 

Som i store delar av landet, har vi også eit nydelig septemberver og fuglane er ute frå morgon til kveld. 

I går fekk eg endelig tid til å vaske i boligdelen hos fuglane. Eg brukar å ta grundig reingjering 1 gong pr mnd, ( støvsuging ein gong i veka) der eg hiv ut golvbelegget og spylar/skrubbar det, veggane blir vaska og eg vaskar også av greinene, dersom eg ikkje har anledning til å skifte dei ut. 

Før oppussinga i vår, bruke eg lett 4-5 timar på reingjeringa og mange gongar var det eit ork. 

Etter at treplatene blei skifta ut med glatte plater og nettingen blei kasta ut og erstatta med lexan-glas mellom bolig og hekkedel, tek arbeidet no berre 30-45 min. Det er ala slik reklamen sei, "spray på og tørk av". Smiler stort

Hekkerommet mitt er lite. Mange som har vore på besøk har trudd før dei kom hit at eg har det mykje større enn det eg har. 

Eg har brukt vanlige fuglebur som hekkebur og det er både tungvindt og plasskrevande. Med lite hekkerom og dei bura eg har, så har eg rett og slett ikkje plass til så mange par om gongen i hekk. 

Eg skulle ønske det var større og gjerne hatt eit lagerrom også i forbindelse med det. Gjerne ei oppvaskmaskin også. Men, fuglane er ein hobby som eg har det kjekt med og eg skal ha tid til stellet eg synes dei skal ha.

For å gjer det litt lettare mht hekking på den plassen eg har, blir det no utover hausten/vinteren laga til hekkereolar. Dvs, enkeltståande bur som kan settast opp på kvarandre, slik dei blir som ein reol. 

Frontar er blitt bestilt. Dei bestiller eg hos ein mann i Stavanger, som importerar dei frå PLL-volieren i Danmark.

Det meste av anna eg treng er på plass, med unntak av utrekkskuff i botn.  Eg har også fått hjelp/tips og inspirasjon frå Tropefuglgruppa vår her på Nordvestlandet. 

Det er viktig at dei er lette å handtere, fuglane skal trivast i dei, og bura må tåle vatn/reingjering og desinfisering. 

Desinfisering er viktig. Det gjer vi ALLTID når eit par er ferdig i hekk.

Det gjer vi forresten med hekkekassene også. Då er det å vaske dei heilt reine. Eg brukar også å vaske dei i klorin og skylle dei veldig godt, før eg sett dei i steikeovnen på 100 grader i 1-1,5 timar. 

I første omgong blir det 6 hekkebur. Så vil eg prøve dei ei stund for å sjå kor eg likar dei og korleis dei fungerar, før det evt blir laga fleire. 

Dette blir spennande. Liker