13. sep, 2016

12 september

3 ungar er komen ut av kassene+ 2 halve ungar. Smiler stort Dei 2 halve, er to ungar som har nesten kome ut på pinnen på kassa, men så ombestemte dei seg og kravla seg inn igjen. Ha ha

Tida frå dei klekker og til dei er ute av kassa går så fort! Sjølv om eg har mange fuglar, så betyr ikkje det at eg bryr meg mindre eller at eg sluttar å ver "hønemor".

Når kvelden kjem, hjelper eg ungane inn i kassa igjen. Nødvendig? Nei. Dei kjem seg aldeles utmerka inn og ut av kassa sjølv, men det er berre noko greier eg har og synes eg må. At ungane er ute igjen etter få straksar, det får så ver. Smiler stort

Eg ser den eine ungen har finne matkoppen og et litt sjølv. Det er også blitt lagt hirsekolber i dei ulike kassene, slik at ungane skal få ei lita formeining om å kunne starte å ete litt sjølv. 

Der nokon har kome ut av kassa, har eg også hengt inn matkoppar med vatn og ekstra hirsekolber, slik dei kan få starte sin veg mot sjølvstendigheit.