10. sep, 2016

9 september

I dag kom den eldste ungen ut av kassa. Han blir 5 veker i morgo. Det er kanskje ikkje så tidleg for nokon, men eg brukar ikkje standard kasser som ein får kjøpt i butikkar. Kassene eg brukar er djupe og det er 15 cm frå botnen og opp til åpninga. 

Desse kassene likar eg. Eg slepp at yngre ungar bikkar utfor åpninga og blir liggande i botnen av buret og ikkje kjem seg opp igjen. Om ungar som kanskje berre er så vidt over 3 veker bikkar utfor kanten og kanskje blir liggande heile natta i burbotnen, kan det blir kaldt for den. 

Med djupe kasser, kjem ikkje ungane seg ut før dei er store nok til å også kome seg inn i kassa igjen.