6. sep, 2016

6 september

Dagane fyk og det har vore ei lang periode med skikkelig møkkaver, kun med små streif av sol. 

Som regel stenger eg luke og dør frå morgen til kveld, slik fuglane er ute, men no har døra berre fått stå oppe, slik at dei som synes det har bøtta ned for mykje regn får ver inne. 

Ungane veks og dei eldste nærmar seg 5 veker. Ein av dei sit ofte i kasseåpninga å kikkar ut, så det er vel kanskje ikkje så lenge før han tek turen ut av kassa?

Mor har visst fryktelig dårlig tid. I går fann eg eit nytt egg i den kassa. Det er ikkje så ofte eg opplever at dei startar så fort med ei ny runde, sjølv om det har skjedd. 

Nokon av ungane ser lovande ut, så det blir veldig spennande no eit par veker framover. Kul