24. aug, 2016

Intet nytt. :-)

Intet nytt er vel godt nytt? Er det ikkje det det heiter?

Ungane veks og foreldra er spreke og flinke å passe på dei. Eg har tru på å gi foreldra grønnsaker, protein, calsium osv osv. Og det får dei. 

Dei para som kjenner meg best, ser eg tydelig at dei sitt å ventar på at eg skal kome med noko godt til dei om morgonen under "morgenstellet". Og det er nesten så eg ser skuffelsen når eg ikkje har noko spesielt til dei.

I dag henta eg gulrot frå grønnsakhagen og gav det til dei. Med både rota og kålet. Det blei godt motteken! I kveld når eg skulle kikke til ungane, fekk eg oppleve for aller første gong at i eine kassa, hadde foreldra drege med seg inn kålet frå gulrota inn i kassa. Det forundra meg! Samtidig så tenker eg, du verden så flott!! Dette må vel ver instinkt i foreldra som er intakt, og at det er noko dei vil gi ungane sine? Kanskje er dette noko dei gjer i naturen? 

Eg veit ikkje kva det er, men desse små detaljane hos dei enkelte, fasinerar meg slik og forundrar meg og gir stadig nye tankar og det eg trur er litt meir forståelse?

Tenk å kunne få ha ein hobby som gir så mykje! Så mange ting som gir glede og eg kjenner eg kosar meg med. Det er gull verdt!! Det gir utfordringar, positivt og negativt, og nokon gongar så er det tungt når det går på skeis. For det gjer det av og til også. Men alt i alt, eg hadde ikkje ville ha vore for utan. Kul