17. aug, 2016

Nydlege augustdagar.

Det har vore ein kald og våt sommar, men akkurat no er det fantastisk flott ute! 

Det er greit at undulatar likar regn, men det er mykje større aktivitet no i volieret når sola har kome. 

Eg er så spent på ungane i kassene! Klekkinga har vore god og ungane veks i allefall. Dei første har fått på seg ring. Tenker ein utstilling, er det ikkje lurt å sette fuglane i hekk så  tidleg. Dei som er fødd no, må stille i ei eldre aldersklasse enn ungar som blir fødd i slutten av september. 

Det er fordi dei nye ringane, 2017, ikkje kjem føs rundt den 1 oktober. Ungane som eg har ringa og skal ringe, har då 2016 ringar. Men, så var det det der med å få i gong dei nye vaksne hoene før det er for seint. 

Der er i allefall komen 3 kvite lacewingar. Jippi!!! At dei er lacewing, veit eg pga mor er lacewing og far splitt lacewing. Slike ungar blir fødd med raude auger. 

Eg ser også at det er ein broka i ei kasse ( pga korleis dei mørke skyggane brer seg på vingane) og der er 3 normalteikna. Truleg er 2 av dei grå. Resten er for små endå til eg kan ha noko formeining. 

Eg kryssar fingarne alt eg kan for at alt går fint framover og eg ikkje går på ein "smell" for å ha starta hekkinga før karantenetida er over. 

 

Når ein har hatt fuglar ei stund, gjer ein seg ein del erfaringar. 

For fuglar, spesielt  i utevoliere, er tida vi no går i møte, ei ekstra obs! periode. Vi har ein sopp nokon plassar i landet, som heiter trichomonas. Dette er noko som følg villfuglane, bl.a. Dette er noko som kan smitte over til undulatar. Slik vi opplever det her i vårt område, kan det følge med greiner som vi tek inn i volieret til dei, strå, lyng osv osv. 

Det er kjempeviktig at det vi no tek inn, blir skylla veldig godt!! Det har eg og andre brent oss på før om åra og konsekvensane har ikkje vore like kjekk. 

Behandlinga er veldig enkel og effektiv, når ein veit kva det er og har lært seg å kjenne igjen symtoma.  

No kjem eg ikkje til å skifte greiner i volieret før vi kjem eit stykke ut på hausten, slik det ikkje blir så mykje lauv som eg må ver påpasselig med å få gjort rein også.