13. aug, 2016

Etter samlinga.

Det har vore så kjekt i dag! Kor timane blei av, veit ikkje eg, men dei berre flaug! 

Vi har fått prata fugl. Prata om kva vi som har utevoliere må ver ekstra obs på mht problem, og kva vi kan gjer med det, men også fordelane.

Ein liten kikk i hekkekassene blei det også. Heilt greit at det låg en liten nyklekt ein i ei kasse. Kul

Mange synes at det er nifst å ringmerke ungar. Der har eg vore, men eg er ikkje der lengre. Det er gjort i løpet av nokre få sekund, og det er ikkje vanskelig i det heile. Men, eg kan forstå at det er dei som synes at hjelp!!! dette er skummelt! 

Kor vi enn snur og vrir på det, nettet er kjempeflott å ha, men det er noko eige å kunne møtast, snakke, peike, vise og bli vist. 

Det reiste også nokon fuglar i dag. Egentlig har eg ikkje råd til at ein einaste fugl reiser herifrå. Sjølv om eg har mange-og-70 stk, så kjenner eg kvar ein einaste fugl. Korleis dei er, personlegheita deira,kva dei likar og ikkje likar osv osv. 

Eg veit at dei vil få det bra dit dei kjem, likevel kjenner eg det innvendig, "uff, nei, kor skal dette gå!". Det er berre tull av meg. Eg veit det. Men likevel. Sukk.Rødmer

Det som er kjekt er at unge nr 7 av utstillingsundulatar klekte i dag, og nr 8 ser ut til å ver på veg ut av egget. Eg er så glad for at det inntil vidare ser bra ut med tanke på klekking. MEN, det er endå nokre veker igjen før dei kjem på pinnen og eg veit om alt er ok med dei. Eller ikkje.