12. aug, 2016

Sosialt treff

I morgo, laurdag 13 aug, har Tropefuglgruppa her på Nordvestlandet sosialt treff. 

Denne gongen er det lagt til meg. Gler meg virkelig til morgodagen!!👍

Det viktigaste for oss er at vi av og til møtast og der vi kan prate så mykje fugl vi har lyst og orkar, uten å "plage" dei som ikkje synes det er like gøy. 😀

Det som er heilt fantastisk, er at i gruppa vår, så er det ei med som bor i Bergen. Og, jammen tek hos også turen! Tek av meg hatten for henne!!

I og med vi blir her, så er det denne gongen omvisning i mitt voliere, og for den av oss som har interesse av undulatar, å kikke på fuglane mine. 

Vi er fleire som har voliere i gruppa og nokon held på å bygg. Det er naturlig at det blir noko vi kjem til å snakke om. Kva er lurt? Kva er mindre lurt? Er det spesielle utfordringar ein må tenke på når ein har fuglar i voliere? Kva er fordelane? 

Erfaringane vi då har samla sett, er gull verdt! 

Eg har også nokre ungar i kassene. Dei skal ikkje forstyrrast så veldig mykje. Men, der er nokon i gruppa som har eit par i hekk no for aller første gong, så skulle det bli ønske om å ta ein liten kikk, og det er spørsmål som dukkar opp, så skal nok det ordne seg. 🙂