9. aug, 2016

Klekking

For ikkje lenge sidan blei nokre få par sett i hekk. Nokon har lagt berre tomme egg, medan andre er der ungar i egga. I løpet av få dagar er det klekt 3 ungar og eg kan berre håpe på at der vil kome fleire.

Det vil uanset bli veldig spennande framover når ungane blir rundt 6 veker. Det å sette fuglar i hekk som akkurat har kome hit, eller blanding av nye og gamle, vil ofte ver "risikosport". Når ulike flokkar møtast, kan det bli oppblomstring av virus og bakteriar. 

Det er slik vi også ser på ungar som f.eks startar i barnehagen eller skule. I tette miljø, vil forkjølelse osv blomstre ei periode før det legg seg til ro. 

For dei vaksne i ein flokk utgjer dette lite, men ikkje for egg og ungar. 

Så kan ein lure på, kvifor sett ein då fuglar i hekk når ein veit dette?

Hoer kan ver ganske stadbunden og det kan gå lang tid før dei virkelig slår seg til ro på ein ny plass. Samtidig så er nye hoer ganske så "spennande" for hannar og dei er rimelig pågåande med oppvartinga si ei lita stund, før nyheita si interesse legg seg. Dette er med på at hoene då kan gå i hekkemodus like etter dei kjem til ein ny plass. Hoppar ein over det hekkemoduset og ventar, er det ikkje gitt at det kjem igjen. Så det er rett og slett for å få dei i gong. 

No får eg berre ha is i magen framover med tanke på dei nye ungane som er fødd, og berre krysse fingrar for det går bra.