25. jul, 2016

Måndag 25 juli.

I ca 2 mnd. har fuglane levd på mager kost. Dei har fått frø, og så har dei fått strå som eg har henta til dei og blåbærlyng. 

Dei har fått minimalt med grønsaker, urter og eggefor. Dette er med på at fuglane går i myting/fjørfelling. Det har dei aller fleste gjort og nokon ser ut til å fått skikkelig storfelling. 

I denne perioda kan nokon fuglar bli litt småslapp. Det er heilt naturlig. No har eg starta med å gi dei grønnsaker, urter, eggefor og vitaminar for oppbygginga igjen. 

Det eg håpar på, er at dei skal kome i kjempegod form til hausten og vinteren og ikkje gå i felling under hekkinga. Vi sett ikkje fuglar som myter i hekk. Då har dei nok med seg sjølv og skal ikkje ha belastninga som det er med egg/ungar i tillegg. 

Dette er også naturen sing gong hos dei som lever på steppene i Australia. I tørketida har dei ikkje like rik tilgang på alle matsortane som dei har i regntida. Dei går heller ikkje i hekk i tørketida. I regntida "et dei seg opp" på næringsrik mat, slik dei er i god form til hekkeperioda.