17. jul, 2016

Søndag 17 juli.

I går var eg på besøk hos ei veldig god venninne som også har undulatoppdrett. Ho hadde akkurat fått kjøpt ein "bønsj" med utstillingsfuglar, og jammen var det ein flott gjeng ho hadde fått!!

Ho har ganske mykje spennande fuglar i volieret sitt og mykje anna fugl og dyr, og det er alltid så kjekt å kome på besøk dit. Liker

Vi samarbeider og byttar fuglar, og hjelper kvarandre. Det sett eg så stor pris på! Då eg var der, spurte ho om eg ville låne Donna av henne. Donna ( på bildet) er ei nyyyydelig frøken! Ho er spisstoppa gulmaske 1?, opalin isabell himmelblå. 

Det vi ønsker er å få fram fleire toppa fuglar. Så no skal eg prøve å sjå om eg kan få Donna i hekk her i lag med ein av mine. Både venninna mi og eg liker dei toppa fuglane og har lyst å sjå om vi kan greie å få fram fleire. 

Genetikken er på eit slags vis grei nok. Det vi ikkje har visst, er å kunne plukke ut kven av ungane som har "anlegg" for topp. Dei som er toppa, er ikkje noko problem å sjå. Men, så er det dei som blir kalla crest breed ( trur eg det blir skriven). Desse er toppa, men vi kan ikkje sjå det. Likevel så er der teikn på dei som vi kan sjå, når dei er eit par tre veker gammal. 

Korleis vi skal sjå det, fekk eg lære når eg var på utstilling i Haugesund no i juni. Eg er i allefall ganske sikker på at der har reist ungar herifrå som er crest breed, som kan gi toppa ungar vidare. Men, dei er flytta til folk eg har kontakt med, så skulle det kome toppa hos dei etterkvart, så er det berre ein fordel om vi kan få spreidd det litt, og jobbe vidare i lag framover. 

Donna skal i allefall få bo her ei lita stund no framover, så får eg berre sjå om ho vil godta ein hanne eg har i tankane. Kul