8. jul, 2016

7 juli

Det å ha folk på besøk, som har samme interesse, er berre så kjekt! 

Timane flaug! Ho eine som var her, fekk med seg eit utstillingspar. Eg var veldig glad for at ho likte fuglane eg hadde plukka ut. Så håpar eg at eg har greidd å plukke ut eit par som slår seg fort til ro på den nye plassen og at det går greit å få dei i hekk etterkvart. 

Det å sette saman par, er ikkje så veldig enkelt. Det er nesten vanskligare å gjer det for andre enn om det skulle ver til meg sjølv.  Men med å snu tanken å tenke, er dette nokon eg ville ha sett saman i eit hekkebur? så kjende eg at ja, det var noko eg hadde vore nyskjerrig på kor det ville bli. Eg trur at eg kjem til å ver like spent som henne, den dagen det kjem egg og ungar hos dei. Kul