20. jun, 2016

Snart sommar.

Det er kome til nokre fuglar i det siste. Heldigvis ser det ut som dei likar seg. Om det er ford det er nokon nye som er kome til og det er veldig " spennande", eller mykje sol ( om enn kald nordavind), eller kva det no enn er, så er fleire hoer i full fart på veg inn i hekkemodus. 

No står eg med eit stort dilemma. Sommaren står for døra og hekkesesongen har vore lang og det er innmari godt med pause. Men, så er det heller ikkje lurt når ein får vaksne nye hoer inn, å drøye det for lenge å sette dei i hekk. Det er ikkje sikkert dei får igjen hekkemoduset sitt. 

Så no tel eg på knappar og er virkelig ikkje enig med meg sjølv. Dei to første vekene gjer eg uansett ikkje noko. Eit hekkemodus går ikkje over etter berre ei veke eller to, men eg kan ikkje drøye det til hausten. 

No må eg i tenkeboksa og vege opp fordelar og ulemper og evt. sjå kva løysing eg kan finne.